Mat frå levande landskap på Vinjerock

Hopp til meny
I anledning Naturmangfaldåret har Vinjerock i år, i samarbeid med SABIMA og Norsk genressurssenter, eit særskilt fokus på mat som på ein eller annan måte bidreg til å bevare biologisk mangfald.
Sauer i seterlandskap
På Vinjerock for du smake tradisjonell mat frå lokalmiljøet.

Vinjerock har heilt frå starten av vore bevisste på å ha ein sterk miljøprofil, og etterstrebar å ha mest mogleg lokal og kortreist mat på menyen. I tillegg vart Vinjerock i fjor kåra til beste Fairtradefestival i Noreg, fordi dei nytta mange Fairtradeprodukt, ofte økologiske, på oppfinnsamme og gode måtar på festivalen.

Kulinarisk mangfald

I år har Vinjerock, etter søknad frå SABIMA, fått støtte frå Landbruks- og matdepartementet til å markere Naturmangfaldåret med å utvide menyen til å omfatte enno meir lokal mat produsert på friske fjellbeite, og mat basert på gamle husdyrraser og plantesortar i landbruket. Kort sagt mat som på ulike vis bidreg til at både biologisk og kulinarisk mangfald blir ivareteke!

I Valdres er det kort veg til den velsmakande fjellmaten produsert nokre hektiske sommermånader på artsrike utmarksbeiter i fjellet. Det finst både stølsostar, tradisjonell seterrumme og setersmør, kurv/spekjepølser og andre fine kjøtprodukt frå beitande husdyr. Beitedyra, når dei nyttast riktig, bidreg saman med annan fornuftig skjøtsel til at stølslandskap og fjellbeiter haldast opne.

Fjellets grasmarker er levestad for ei rekke lågvekste og lyselskande planter. Mange andre levande organismar som til dømes bier, sumarfuglar, humler, beitemarkssopp m.m. har også tilhald i det lysopne kulturlandskapet og lev ofte i samspel med plantene. Når fjellets kulturlandskap gror att med busker, kratt og fjellbjørk forsvinn både eit stort biologisk mangfald og verdifulle beiteressursar. Difor støttar Vinjerock opp om fjellbonden og dei produkta som fjellandbruket leverer; deileg mat, verdifulle kulturlandskap og biologisk mangfald.

Genressursar

Biologisk mangfald er meir enn artar, økosystem og landskap, det er også genressursar. Genressursar, eller genetisk mangfald, blir best ivareteke gjennom bruk. I landbruket i dag er den genetiske variasjonen innan artar sterkt redusert, FAO antyder med 75% dei siste 50 åra! Mange sortar/raser er gått ut av produksjon, fyrst og fremst fordi dei ikkje høver inn i en stadig meir intensiv og effektiv matproduksjon der målet er å produsere mest mogleg mat på billegaste måte. Alle som nyttar bevaringsverdige husdyrraser og gamle og lokale korn/grønnsaks-/frukt- og bærsortar er med på å ivareta utrydningstrua genressursar. I Valdres finst den lokale potetsorten svartpotet frå Valdres, og mange bruk med bevaringsverdige storferaser, spesielt besetningar med sidet trønderfe og nordlandsfe.

Vinjerock

I 2010 blir musikkfestivalen Vinjerock arrangert for 5. gong i Jotunheimen. Festivalen går over tre dagar i juli/august kvart år.

Festivalen har en sterk miljøprofil, og etterstrebar å ha mest mogleg lokal og kortreist mat på menyen.

Les mer om Vinjerock her.

Hopp til meny