Artsobservasjoner.no – du kan også vere med!

Hopp til meny
Er du ofte ute i naturen og ser planter, fuglar og dyr og kan artsbestemme dei, kan du no vere med på den nasjonale, frivillige dugnaden for kartlegging av artsmangfoldet i Norge. Det over 5 500 andre naturinteresserte som allereide har registrert seg som rapportør i Artsobservasjoner.no.
Artsobservasjoner
Små og store artsobservatører finner mange spennende arter i enga.

Rapportsystemet vart lansert av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim 5.mai 2008. Det er lagt inn godt over 3 mill. artsfunn sidan rapporteringssystemet kom i gang, gjennomsnittleg 5000 observasjonar kvar dag. Nokre rapportørar legg inn svært mykje, dei 100 ivrigste har lagt inn 70 % av innhaldet, men svært mange har lagt inn litt.

Ein fin hobby

Rapportøren bestemmer sjølv kva som skal leggjast inn og rapportøren administrerer sjølv sine artsfunn. Det er ein føresetnad at rapportane skal vere fritt tilgjengelege etterpå. Organisasjonane brukar rapportane til sine interne formål, ikkje berre faunistikk og floristikk, men også i arbeidet for å ta vare på viktige arter og område.

For mange naturinteresserte har rapporteringsverktøyet vorte ein viktig del av hobbyen.  Artsobservasjoner er som andre sosiale medier innretta slik at brukarane vert synlege, kan markera seg fagleg og meddela seg på internett. For den enkelte rapportør har Artsobservasjonar vorte ei elektronisk feltdagbok som held orden på eigne observasjonar, med tid, stad, art, individtal og medobservatørar. Rapporteringssystemet inneheld også mange nyttige funksjonar, til dømes eigne artslister for rapportør eller lokalitetar og fleire typar statistikk der rapportørane også kan samanlikna seg med andre.

Kva rapporterast?

Heile 86 % av artfunna er fugleobservasjonar, 11 % av observasjonane er karplanter, mosar, lav og sopp. For insekt, edderkoppdyr og ei rad andre virvellause dyregrupper er det lagt inn over 72 000 rapportar, dette utgjer 2,3 % av totalt volum. Det er over 16 000 artsfunn for pattedyr, krypdyr og amfibier. Over halvparten av Artsobservasjoner er artsfunn som er gjort før lanseringa i 2008. For enkelte lokalitetar finst det difor lange tidsseriar, særleg fuglar. Artsobservasjoner har vorte eit stort biletarkiv som er dokumentasjon av artsfunna. Det er lasta opp over 56 000 bilete i systemet til no. Dersom nokon ynskjer å bruke bileta i Artsobservasjoner i andre samanhangar, må det innhentast samtykke frå fotografen. 400 000 rapportar (13 %) i Artsobservasjoner gjeld raudlistearter. Av desse er vel 119 000 arter i raudlistekategoriane Kritisk truga (CR), Sterkt truga (EN) og Sårbar (VU).

Artskart

Alle artsfunn i Artsobservasjoner er no tilgjengelege i Artskart hos Artsdatabanken. Dermed er dei, saman med data frå naturvitskaplege forskningsinstitusjonar, tilgjengeleg for folk flest, forvaltning og forskning. Naturinteresserte kan når som helst søkja fram på kart både kvar enkeltarter finst og kva arter som er registrerte på geografiske område som brukaren sjølv definerer. For forvaltninga i kommunar , fylke og stat  er dei same dataene fullt tilgjengelege for bruk mellom anna i arealforvaltning og miljøanalyser. Artsdatabanken erfarer at fleire forskarar også brukar data frå Artsobservasjoner saman med andre data i vitskapelege studier.

Saken er levert fra Artsdatabanken

Se på billa!

Vil du vere med og rapportere inn artar til Artsobservasjoner.no?


Registrer deg som rapportør: www.artsobservasjoner.no

Se Artskart: http://artskart.artsdatabanken.no/

Artsobservatøren

Samarbeid med frivillige

Sjølve rapportsystemet er eit samarbeidsprosjekt mellom Artsdatabanken og 5 frivillige organisasjonar som er medlemmer i SABIMA.

Norsk ornitologisk forening
Norsk botanisk forening
Norges sopp- og nyttevekstforbund
Norsk entomologisk forening
Norsk zoologisk forening

Deira oppgåve er å hjelpa rapportørane og å kvalitetssikra artsfunna som vert lagt inn.

Artsdatabanken driftar rapportsystemet teknisk og vedlikeheld programvaren.

Hopp til meny