Fredag 12. februar fekk Hornindal Skule og 5. klasse besøk av Per Ingebrigt Karbø, som er næringssjef i Hornindal kommune, og Stig Olav Lødemel, som er leiar i utvalet for utvikling. Saman med desse vegleiarane og lærarane skulle elevane få lage fugleforingsautomat. Desse vart laga ved hjelp av brusflasker, ein skrue med mutter og litt tråd. Dei einaste hjelpemidla som var naudsynte var ei sag og ei boremaskin. Alle elevane laga dermed sin eigen automat som dei kunne fylle med frø og ta med og henge opp heime. Sidan har elevane informert om fleire fugleartar som har god matlyst og forsyner seg godt av fuglematen, og nokre har allereie sett behovet for å fylle opp automaten med mat.
Etter denne økta gjekk heile klassen ein tur i skogen. Her vart det lytta og sett etter fuglar, og etter at fuglesong vart spelt av på CD vart det høyrt ei kjøtmeis som svarte rett i nærleiken. Elevane høyrde også kråker i området.
Tilbake på klasserommet fekk klassen vidare ein flott fugleforingsautomat i tre, som vart hengt opp like utanfor klasserommet. Denne var det svært lite gjestar i første dagen, men det har tatt seg kraftig opp etter kvart, og den er no flittig besøkt av svoltne fuglar. Elevane noterer óg ned fuglane dei ser som forsyner seg, og prøver å artsbestemme dei.
Hjelp til å artsbestemme kan dei finne i bøkene som vart delt ut som ei gåve til skulen – eit klassesett med fugleleksikon. Hittil er det hovudsakleg kjøtmeis som er observert, men også kråke, skjor og blåmeis er så langt blitt sett. Med leksikon føl det også med to cd-ar med fuglelydar, som har blitt lytta til fleire gongar for å lære seg nokre av lydane.
Media var også til stades denne dagen, og ein kan lese meir om ”fugledagen” på baksida av Fjordingen datert måndag 15. februar 2010.
Alle kommunar har viltfond som etter Forskrift om viltfond kan nyttast til å styrke kunnskapen om vilt. Her har ein valt å starte med å gje barn og unge artskunnskap. Fugleforing er ein smart inngangsbillett til dette, og det er viktig at ein registrerer og gjer informasjonen tilgjengeleg for seinare lærarar og elevar. Aktiviteten Fuglar ved foringsplassen på Nettverk for miljølære er godt eigna til dette bruket. Dette har også vore brukt ved Stryn Vidaregåande Skule, der dei har laga fin dokumentasjon på alle fuglane som elevane har observert frå fugletårnet ved Kjeldevatnet. Elevane ved Hornindal Skule skal difor prøve å observere fuglar i foringsautomaten framover, og registrere det som blir funne ut.
I Sogn og Fjordane har ein ikkje eige fylkeslag av Norsk Ornitologisk foreining, men vi har ein kontaktperson – Kjetil Mork frå Stryn, no busett i Ålesund. Det bør vere eit mål at ein får skipa eit fylkeslag i løpet av Naturmangfaldåret!
Lars Helge Lillebø Hopland, kontaktlærar for 5. klasse ved Hornindal skule
Bli med i Naturmangfoldårets fotokonkurranse! Se fotogalleriet, og stem på dine favoritter.
Blinkskuddene med flest poeng, blir med i finalen. Kanskje er det du som vinner en flott premie?