Alle dei 46 elevane frå 4-7.klasse på både Oppstryn skule og Storesunde skule tok i mot invitasjonen om å vere med på artsobservasjon på biomangfoldsdagen. Dei vart delt i fire grupper som rusla innover den gamle vegen gjennom skogen.
Vårmarihand blomstra mange stader og linda hadde såvidt fått blader. Det var overraskande stor interesse og kunnskap blant elevane og mest alle plantar vart skrive ned. Mot slutten av den gamle vegen gjekk vi forbi eit "Pippi Langstrømpetre", ei hol lind. Der kunne elevane finne seg kvar sin SNO-brettekopp og så var ikkje vegen lang bort til ”hoggorm”-suppa.
Med på turen er også to frå bygda Flo, som har arbeidd med fjerning av gran og platanlønn i edellauvskogsreservatet i vinter. Ein av dei hadde stor kunnskap om hoggorm, og arrangerer hoggormturar og driv med omplassering av hoggorm. Han fjerner dei frå bustadnære område. Dessverre fekk vi ikkje sjå hoggorm denne dagen, men det vart altså servert ei søtleg suppe med grøne blader i, som fekk navnet ”hoggormsuppe.”
Elevane svarte også på nokre spørsmål om naturreservatet, og alle fekk diplom som artsobservatørar. Med fint vårvêr blir det ein eigen stemning i den opne skogen og barna trivdes tydeleg med nokre timar ute denne føremiddagen.
Bli med i Naturmangfoldårets fotokonkurranse! Se fotogalleriet, og stem på dine favoritter.
Blinkskuddene med flest poeng, blir med i finalen. Kanskje er det du som vinner en flott premie?