Det er usikkert kva som er årsaka til at det no er mindre kysttorsk enn tidligare, men for å ta høgde for at fisket kan ha hatt innverknad, har myndigheitene no utarbeidd ein plan for å bygge opp bestandane av kysttorsken nord for Stadt. Torskebestandar som gyt lokalt er viktige for økosystema langs kysten og grunnlaget for ein stor del av kystfisket.
Fiskeri- og kystdepartementet har utarbeidd ein gjenoppbyggingsplan for kysttorsk nord for 62°N, som skal liggje til grunn for tiltak som vert sette inn. Dette er ein forvaltningsplan der målet er å sikre levedyktige bestandar av kysttorsk. Hovudutfordringa er å redusere fiskepresset på kysttorsk, men samtidig halde oppe det tradisjonelle fisket langs kysten. Forvaltningsprinsippet i havressurslova, føre-var-prinsippet og omsynet til biologisk mangfald tilseier at vi må ha ei kystnær regulering som sikrar berekraftig hausting.
Det internasjonale råd for havforsking (ICES) har sidan 2004 ikkje tilrådd nokon fangst av kysttorsk fram til at det vert etablert ein gjenoppbyggingsplan. For å sikre ei god forvaltning av torsken i kystnære område har Havforskningsinstituttet utarbeidd eit forslag til ein gjenoppbyggingsplan på oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet. Departementet har no godkjent forslaget og sendt planen til ICES for vurdering. ICES er bedt om å basere rådgivinga for kysttorsk frå 2011 på denne planen.
Bli med i Naturmangfoldårets fotokonkurranse! Se fotogalleriet, og stem på dine favoritter.
Blinkskuddene med flest poeng, blir med i finalen. Kanskje er det du som vinner en flott premie?